Kva er viktig i ein visuell identitet?
For å gje ein større tyngde og effektivitet i all kommunikasjon og grafisk materiell er det ein føresetnad at publikum kan enkelt identifisera Stord innkvartering som avsendar. Me har difor utvikla ein visuell identitet som gjev Stord innkvartering eit karakteristisk og heilhetleg uttrykk.
Den visuelle identiteten sikrar at alle som utarbeidar kommunikasjon og reklame på vegne av Stord innkvartering føl dei same grafiske retningslinjene. Dette sørgjer for at merkevara vert brukt på rett måte. Den grafiske profilen under gjev både generelle reglar for logobruk, layout og typografi, samt nokre konkrete døme på malar for ulike verkemidlar. Ved konsekvent bruk av retningslinjene i profilen byggjer me ein sterk visuell identitet for selskapet.