Kva er viktig i ein visuell identitet?

For å gje ein større tyngde og effektivitet i all kommunikasjon og grafisk materiell er det ein føresetnad at publikum kan enkelt identifisera Byrået Sydvest som avsendar. Me har difor utvikla ein visuell identitet som gjev Byrået Sydvest eit karakteristisk og heilhetleg uttrykk.

Den visuelle identiteten sikrar at alle som utarbeidar kommunikasjon og reklame på vegne av Byrået Sydvest føl de same grafiske retningslinjene. Dette sørgjer for at merkevara vert anvendt på rett måte. Den grafiske profilen under gjev både generelle reglar for logobruk, layout og typografi, samt nokre konkrete døme på malar for ulike verkemidlar. Ved konsekvent bruk av retningslinjene i profilen byggjer me ein sterk visuell identitet for selskapet.

Plassering logo

Utfallande

Logoen vert som hovudregel nytta som ein utfallande «tag» mot ein kant av mediet. Det vil seie at ein har meir luft mot den kanten der det er utfallande. Sjå døme på plassering og utfalling under.

Det er inga begrensning på plassering – den kan like gjerne vera sentrert.

Minsteavstand logo

Byraetsydvest

Minstestorleik logo

Feil bruk av logo

Regler

  • Aldri endra proporsjonane til logoen.
  • Aldri endra forholda i storleiken mellom symbol og typografi i logoen.
  • Aldri legg til andre fargar i logoen.
  • Aldri legg til andre element til logoen.
  • Aldri legg logoen over andre element dersom kontrasten vert for liten.
  • Aldri legg ei tett ramme rundt logoen. (Husk minsteavstand!)

Feil proporsjonar

Feil storleikforhold

Feil farge

Ukjent element

For dårleg kontrast

For tett ramme rundt

Merkevareidé

Merkevareidé

Merkevareidéen til Byrået Sydvest er «Set sterke spor»

Fargar

Fargar for Byrået Sydvest

Generelt

Bruk Pantone-farge for trykk.

Bruk RGB/HEX-fargar for skjermbasert visning, til dømes på internett eller i Powerpoint.

Tekst på trykk skal fortrinnsvis vera i 100 % svart.

Byrået Sydvest-svart

Hex 222222
RGB 32 32 32
Pantone Cool Black 6C

Grafiske element

Ramme

For å framheva bilete eller videoar, så kan me nytte ei ramme rundt. Denne ramma skal vera i fargen nemnt over. Døme på bruk av ramma kan du sjå under Merkantile trykksaker og Presentasjonar på denne sida.

Typografi

Typografi

Generelt

Me nyttar fontar henta frå Google sitt font-bibliotek. Fontane er gratis for nedlasting, og opne for bruk i både digitale og trykte medium.

Poppins

Poppins er ein moderne sans serif som skil seg ut i mengda. Den gjer seg godt både som brødtekst og til overskrifter, og fins i ei rekkje forskjellige vekter. Bruk gjerne variasjonar av vekter for å skape spanande uttrykk.

Microsoft Office

Poppins kan installerast på alle Mac og PC-ar, slik at dei er tilgjengelege i all programvare. Dersom Poppins absolutt ikkje er tilgjengeleg, så kan Century Gothic nyttast. Dette er ein standardfont i alle nyare Office-pakkar.

Døme på bruk av typografi

Hovudtittel, Poppins Light

Brødtekst, Poppins Light. Marker tekst med Poppins Semibold. Poppins er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Tittelnivå 2, Poppins Bold (litt større pkt. enn brødtekst)

Brødtekst, Poppins Light. Marker tekst med Poppins Semibold. Poppins er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Tittelnivå 3, Poppins Bold (same pkt. som brødtekst)

Brødtekst, Poppins Light. Marker tekst med Poppins Semibold. Poppins er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Utheva tekst, Poppins Light Italic. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. (omlag 1,5 ganger pkt. for brødtekst, med innrykk)

Brødtekst, Poppins Light. Marker tekst med Poppins Semibold. Poppins er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Merkantile trykksaker

Merkantile trykksaker

Visittkort

Presentasjonar

Det er laga presentasjonsmal til både Keynote og Powerpoint.

Hugs å installere fonten Poppins før du tek i bruk presentasjonsmalane som ligg på server!

Arbeidsklede

Tilsette som jobbar på kontor (Byråavdelinga, Gosh og administrasjon) skal gå kledd i fint tøy, gjerne skjorte/pique, og med Byrået Sydvest-pin på brystet.

Produksjonsavdelinga får klede med påtrykt Byrået Sydvest-logo, døme vist under.

Bilprofilering

Bilane våre skal vera foilert svarte, med kvitt tak og kvitt felt med logo. Sjå døme under.