Kva er viktig i ein visuell identitet?

For å gje ein større tyngde og effektivitet i all kommunikasjon og grafisk materiell er det ein føresetnad at publikum kan enkelt identifisera Moster elektro som avsendar. Me har difor utvikla ein visuell identitet som gjev Moster elektro eit karakteristisk og heilhetleg uttrykk.

Den visuelle identiteten sikrar at alle som utarbeidar kommunikasjon og reklame på vegne av Moster elektro føl dei same grafiske retningslinjene. Dette sørgjer for at merkevara vert brukt på rett måte. Den grafiske profilen under gjev både generelle reglar for logobruk, layout og typografi, samt nokre konkrete døme på malar for ulike verkemidlar. Ved konsekvent bruk av retningslinjene i profilen byggjer me ein sterk visuell identitet for selskapet.

Minsteavstand logo

Minstestorleik logo

Feil bruk av logo

Regler

  • Aldri endra proporsjonane til logoen.
  • Aldri endra forholda i storleiken mellom symbol og typografi i logoen.
  • Aldri legg til andre fargar i logoen.
  • Aldri legg til andre element til logoen.
  • Aldri legg logoen over andre element dersom kontrasten vert for liten.
  • Aldri legg ei tett ramme rundt logoen. (Husk minsteavstand!)

Feil proporsjonar

Feil storleikforhold

Feil farge

Ukjent element

For dårleg kontrast

For tett ramme rundt

Fargar

Fargar for Moster elektro

Generelt

Bruk Pantone-farge for trykk.

Bruk RGB/HEX-fargar for skjermbasert visning, til dømes på internett eller i Powerpoint.

Tekst på trykk skal fortrinnsvis vera i 100 % svart.

Moster-raud

Pantone: 485C

HEX #E82225

CMYK: 2 99 100 0

Moster-svart

Pantone: Natural Black

HEX: #222222

CMYK 72 66 64 72

Grafiske element

Grafiske dekorelement

Mønster

Det er satt opp to ulike mønster ein kan nytte i markedsarbeid for Moster elektro.

  1. Dette mønsteret er laga frå elementet i logoen, og egnar seg godt til å anten fylle ei flate, eller som vindusdekor.
  2. Dette mønsteret er laga frå element ein elektrikar nyttar i kvardagen, nemleg ein planteikning. Dette egnar seg godt som underlag i annonser og marknadsmateriell.

Mønsteret kan nyttast i farge, eller som kvit med omlag 5 % opasitet over ei farga flate for å skape eit meir spanande uttrykk.

Typografi

Typografi

Circe

Overskrifter er satt i fonten Circe. Desse vektene er gratis for nedlasting, men ønsker ein eit større utval vekter så må Circe-familien betalast for.

Circe gjer seg godt til brødtekst sidan det er ein særegen sans serif som skil seg ut i mengda. Bruk fortrinnsvis Regular vekt.

Dette er ein gratis font henta frå Adobe sitt store font-bibliotek.

Alternativ

Circe kan installerast på alle Mac og PC-ar, slik at dei er tilgjengelege i all programvare. Dersom dei absolutt ikkje er tilgjengeleg, så kan Century Gothic nyttast. Dette er ein standardfont i alle nyare Office-pakkar.

Døme på bruk av typografi

Hovudtittel, Circe

Brødtekst, Circe Regular. Marker tekst med Circe Semibold. Circe er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Tittelnivå 2, Circe (litt større pkt. enn brødtekst)

Brødtekst, Circe Regular. Marker tekst med Circe Semibold. Circe er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Tittelnivå 3, Circe (same pkt. som brødtekst)

Brødtekst, Circe Regular. Marker tekst med Circe Semibold. Circe er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Utheva tekst, Circe Light Italic. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. (omlag 1,5 ganger pkt. for brødtekst, med innrykk)

Brødtekst, Circe Regular. Marker tekst med Circe Semibold. Circe er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Merkantile trykksaker

Visittkort

Profileringsartiklar

Under ser du nokre døme på profileringsartiklar.

Annet innhald?