Kva er viktig i ein visuell identitet?

For å gje ein større tyngde og effektivitet i all kommunikasjon og grafisk materiell er det ein føresetnad at publikum kan enkelt identifisera Valvatne-gruppa som avsendar. Me har difor utvikla ein visuell identitet som gjev Valvatne-gruppa eit karakteristisk og heilhetleg uttrykk.

Den visuelle identiteten sikrar at alle som utarbeidar kommunikasjon og reklame på vegne av Valvatne-gruppa føl de same grafiske retningslinjene. Dette sørgjer for at merkevara vert anvendt på rett måte. Den grafiske profilen under gjev både generelle reglar for logobruk, layout og typografi, samt nokre konkrete døme på malar for ulike verkemidlar. Ved konsekvent bruk av retningslinjene i profilen byggjer me ein sterk visuell identitet for selskapet.

Minsteavstand logo

Valvatne Gruppen RGB Fargar

Minstestorleik logo

Feil bruk av logo

Regler

  • Aldri endra proporsjonane til logoen.
  • Aldri endra forholda i storleiken mellom symbol og typografi i logoen.
  • Aldri legg til andre fargar i logoen.
  • Aldri legg til andre element til logoen.
  • Aldri legg logoen over andre element dersom kontrasten vert for liten.
  • Aldri legg ei tett ramme rundt logoen. (Husk minsteavstand!)

Feil proporsjonar

Feil storleikforhold

Feil farge

Ukjent element

For dårleg kontrast

For tett ramme rundt

Fargar

Fargar for Valvatne-gruppa

Generelt

Bruk Pantone-farge for trykk.

Bruk RGB/HEX-fargar for skjermbasert visning, til dømes på internett eller i Powerpoint.

Tekst på trykk skal fortrinnsvis vera i 100 % svart.

Valvatne-raud

Hex 9E2A2B
RGB 158 42 43
Pantone 7628C

Grafiske element

Grafiske dekorelement

Mønster

Dette mønsteret er laga frå elementet i logoen, og egnar seg godt til å anten fylle ei flate eller som ei rad.

Mønsteret kan nyttast i farge, eller som kvit med omlag 5 % opasitet over ei farga flate for å skape eit meir spanande uttrykk.

Avrunda hjørner

For å spele vidare på forma i logoen er det ønskeleg at hjørner på bilete og eventuelle andre rammer som vert nytta i designet er avrunda.

Hovudsakleg skal hjørna oppe til venstre og nede til høgre vera avrunda dersom elementet er fristilt, eller eitt enkelthjørne dersom elementet er utfallande.

Typografi

Typografi

Nexa

Overskrifter er satt i fonten Nexa Light eller Nexa Bold. Desse vektene er gratis for nedlasting, men ønsker ein eit større utval vekter så må Nexa-familien betalast for.

Raleway

Raleway gjer seg godt til brødtekst saman med Nexa sidan det er ein særegen sans serif som skil seg ut i mengda. Bruk fortrinnsvis Regular vekt.

Dette er ein gratis font henta frå Google sitt store font-bibliotek.

Microsoft Office

Nexa og Raleway kan installerast på alle Mac og PC-ar, slik at dei er tilgjengelege i all programvare. Dersom dei absolutt ikkje er tilgjengeleg, så kan Century Gothic nyttast. Dette er ein standardfont i alle nyare Office-pakkar.

Døme på bruk av typografi

Hovudtittel, Nexa Light

Brødtekst, Raleway Regular. Marker tekst med Raleway Semibold. Raleway er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Tittelnivå 2, Nexa Light (litt større pkt. enn brødtekst)

Brødtekst, Raleway Regular. Marker tekst med Raleway Semibold. Raleway er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Tittelnivå 3, Nexa Bold (same pkt. som brødtekst)

Brødtekst, Raleway Regular. Marker tekst med Raleway Semibold. Raleway er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Utheva tekst, Raleway Light Italic. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. (omlag 1,5 ganger pkt. for brødtekst, med innrykk)

Brødtekst, Raleway Regular. Marker tekst med Raleway Semibold. Raleway er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Merkantile trykksaker

Visittkort

Profileringsartiklar

Under ser du nokre døme på profileringsartiklar.

Sponsorannonse

I sponsorannonsar kan ein nytte anten berre logoen for Valvatne-gruppa åleine, eller saman med dei andre logoane for selskapa i gruppa. Døme på dette er vist under.

Epostsignatur

Det er laga ein felles epostsignatur som inneheld logoane til alle selskapa i Valvatne-gruppa. Den skal nyttast i all epostkommunikasjon frå gruppa.