Kva er viktig i ein visuell identitet?

For å gje ein større tyngde og effektivitet i all kommunikasjon og grafisk materiell er det ein føresetnad at publikum kan enkelt identifisera Havexpo som avsendar. Me har difor utvikla ein visuell identitet som gjev Havexpo eit karakteristisk og heilhetleg uttrykk.

Den visuelle identiteten sikrar at alle som utarbeidar kommunikasjon og reklame på vegne av Havexpo føl de same grafiske retningslinjene. Dette sørgjer for at merkevara vert anvendt på rett måte. Den grafiske profilen under gjev både generelle reglar for logobruk, layout og typografi, samt nokre konkrete døme på malar for ulike verkemidlar. Ved konsekvent bruk av retningslinjene i profilen byggjer me ein sterk visuell identitet for konferansen.

Storleik og avstand logo

Minsteavstand for logo

Det er viktig at logoen får god plass på flata den skal nyttast på. Det sikrer me ved å sørgje for at minsteavstanden frå logo til andre element rundt er tilsvarende 1 × diameteren på «X-en» i logoen.

Minstestorleik for logo

For å sørgje for at logoen framleis er godt synleg, og teksten godt lesbar, skal logoen aldri nyttast i mindre format enn 20 mm breidde på trykk eller 50 pikslar breidde digitalt.

Minsteavstand logo

Minstestørrelse logo

Feil bruk av logo

Regler

  • Aldri endra proporsjonane til logoen.
  • Aldri endra forholda i storleiken mellom symbol og typografi i logoen.
  • Aldri legg til andre fargar i logoen.
  • Aldri legg til andre element til logoen.
  • Aldri legg logoen over andre element dersom kontrasten vert for liten.
  • Aldri legg ei tett ramme rundt logoen. (Husk minsteavstand!)

Feil proporsjonar

Feil storleikforhold

Feil farge

Ukjent element

For dårleg kontrast

For tett ramme rundt

Fargar

HavExpo fargar

Generelt

Bruk Pantone-farge for trykk.

Bruk RGB/HEX-fargar for skjermbasert visning, til dømes på internett eller i Powerpoint.

Tekst på trykk skal fortrinnsvis vera i 100 % svart.

Hovudfarge – gradering

Logofargen for 2019/20 til HavExpo er sjøblå og sjøgrøn, ilag som ei gradering. Om gradert logo ikkje er mogleg, nyttar ein anten heilfargen sjøblå eller sjøgrønn. Fargane skal i hovudsak nyttast i 100 % opasitet, men der det er hensiktsmessig kan den nyttast i nyanser – til dømes i en faktaboks. Slik får me eit sterkt uttrykk som er lett å kjenne igjen.

Sjøblå

Hex 36a5b7
Pantone 7710U

Sjøgrøn

Hex 38af74
Pantone 7480U

Fargebalanse

Fargane er basert på havets tonar. Det vert sett opp ein ny fargepalett kvart år HavExpo vert arrangert.

Fargane er pastell og reine, og vert nytta som gradering der det er høve for det.

Algegrøn

Bølgeblå

Korallrød

Havdjupsvart

Gradering

Gradering kan nyttast på marknadsmateriell og i logo. Dette for å forsterke havets fargetonar. Gradering gjev meir liv i komposisjonen.

Denne graderinga er òg lov å nytte som bakgrunn til kvit logo.

Døme på gradering

Hvit logo på gradering

Typografi

Typografi

Generelt

Me nyttar fontar henta frå Google sitt font-bibliotek. Fontane er gratis for nedlasting, og opne for bruk i både digitale og trykte medium.

Circular Std: Logofont

Circular Std er logofont. Denne fonten nyttar ein i annonser, på trykksaker/stand og på markedsmateriell.

Gill Sans: Brødtekst

Gill Sans er ein moderne sans serif med et særegent uttrykk. Denne skrifta gjer seg godt i brødtekst og med sin litt breiare utforming skapar den ein spanande kontrast til logo-fonten.

Microsoft Office

Circular Std og Gill Sans kan installerast på alle Mac og PC-ar, slik at dei er tilgjengelege i all programvare. Dersom Circular Std og Gill Sans absolutt ikkje er tilgjengeleg, så kan Calibri nyttast. Dette er ein standardfont i alle nyare Office-pakkar.

Døme på bruk av typografi

Hovudtittel, Gill Sans Semibold

Brødtekst, Gill Sans. Marker tekst med Gill Sans Semibold. Gill Sans er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Tittelnivå 2, Gill Sans Semibold (litt større pkt. enn brødtekst)

Brødtekst, Gill Sans. Marker tekst med Gill Sans Semibold. Gill Sans er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Tittelnivå 3, Gill Sans Semibold Italic (same pkt. som brødtekst)

Brødtekst, Gill Sans. Marker tekst med Gill Sans Semibold. Gill Sans er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Utheva tekst, Gill Sans Light Italic. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. (omlag 1,5 ganger pkt. for brødtekst, med innrykk)

Brødtekst, Gill Sans. Marker tekst med Gill Sans Semibold. Gill Sans er ein moderne geometrisk sans-serif font som er godt lesbar ved stor tekstmengde. Den er allsidig med fleire fontsnitt innan same familie. Den fungerer godt på trykk og på nett, og har på same tid eit venleg og elegant uttrykk.

Merkantile trykksaker

Merkantile trykksaker

Brevark og konvolutt

Kontakt

Spørsmål til den visuelle identiteten?

Dersom du har spørsmål knytta til bruken av denne grafiske profilen, manglar element du ikkje finn på denne sida, eller har andre spørsmål knytta til korleis du skal kommunisere merkevaren HavExpo, kan du ta kontakt med Sydvest AS på post@sydvest.no